44 200 barn med tiltak fra barnevernet

Følgende tall fra barnevernet i 2008 er hentet fra Statistisk Sentralbyrå:

  • Nær 44 200 barn og unge tok imot tiltak frå barnevernet i løpet av 2008. Det er 3,6 prosent fleire enn året før.
  • Dei aller fleste barn med tiltak, 36 300, tek berre imot hjelpetiltak, som til dømes besøksheim, økonomisk hjelp, barnehage eller skulefritidsordning.
  • Det var i alt vel 11 760 nye barn i barnevernet i 2008, omtrent det same som i 2007.Med nye barn meines barn som ikkje var registrert i statistikken året før, men som kan ha vore registret i 2006 eller tidlegare. Det er ein svak auke, under 1 prosent, i talet på nye barn med hjelpetiltak, medan det er nesten 11 prosent færre nye barn med omsorgstiltak i 2008 sett i forhold til 2007.
  • Ved utgangen av 2008 var 33 900 barn registrerte med barnevernstiltak. Dette er 1 200 fleire enn året før, og ein vekst på 3,7 prosent.
  • Per 31. desember 2008 var det i gjennomsnitt 28,4 barn per 1 000 barn under 18 år som tok imot tiltak, mot 27,5 året før. Det er framleis store skilnader mellom fylka. Telemark, Troms og Finnmark ligg no på topp med høvesvis 35,5, 34,9 og 34,5 klientar per 1 000 barn. Til samanlikning hadde Akershus berre 21,1.
  • Av dei fire største byane er det Bergen som har flest barn med tiltak i høve til barnebefolkninga, med Oslo og Stavanger på dei neste plassane. Ved utgangen av 2008 hadde 31,3 per 1 000 barn under 18 år i Bergen barnevernstiltak, i Oslo 29,0 og 28,2 i Stavanger. I Trondheim hadde 21,0 per 1 000 barn tiltak frå barnevernet ved utgangen av året.
  • Barnevernet starta 27 850 undersøkingar i 2008, ein auke på 11 prosent samanlikna med året før.
  • Auken i avslutta undersøkingar var også sterk, med nesten 9 prosent frå 2007 til 2008. Halvparten av dei undersøkingane som vart avslutta i 2008, førte til tiltak etter lov om barneverntjenester, det same som året før.
  • Det var i alt 3 294 årsverk i barnevernet ved utgangen av 2008. Dette er 110 fleire enn året før. Nærare halvparten av dei tilsette i barnevernet er no barnevernspedagogar.
  • Legg igjen en kommentar

    This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.