Barneloven § 13. Når saka går til retten m.m.

Barnelova § 13. Når saka går til retten m.m.

Arbeids- og velferdsdirektoratet skal sende stemning til tingretten til avgjerd etter kapittel 4 dersom:
a) farskapsførelegg ikkje vert skrive ut, og heimelen for dette ikkje er § 11 femte stykket.
b) det ikkje har late seg gjere å få framsendt førelegget.
c) den utlagde faren ikkje har vedgått farskapen innan ein månad etter at han tok imot førelegget.

Når farskapen er vedgått i samsvar med § 4, skal saka ikkje i noko tilfelle gå til retten. Mora skal få melding om vedgåinga.

Endar ei rettssak utan at farskapen vert fastsett, og den heller ikkje vert fastsett seinare, kan Arbeids- og velferdsdirektoratet skrive ut nytt farskapsførelegg og sende saka til retten dersom det kjem fram nye opplysningar som tyder på at faren kan vere ein mann som tidlegare ikkje har vore part i saka.

Legg igjen en kommentar

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.