Endinger i adgangen til å reise farsskapssak

Barneloven § 6 inneholder reglene om endring av farskap når dette er fastsatt allerede etter regelene i § 3 eller § 4.

Barneloven § 6. Endring av farskap etter §§ 3 og 4 for domstolane

Barnet, kvar av foreldra og tredjemann som meiner han er far til eit barn som allereie har ein far, kan alltid reise sak for domstolane om farskap etter ekteskap eller erklæring. Er barnet mindreårig, vert saka reist av oppnemnd verje. Er barnet fylt 15 år, kan verja ikkje reise sak utan samtykke frå barnet. Når særlege grunnar taler for det, kan Arbeids- og velferdsdirektoratet reise saka.

Fra 1. januar 2014 og frem til 17. juni 2016 var det flere frister for når man kunne fremme en farskapsak etter § 6:

Barneloven § 6. Endring av farskap etter §§ 3 og 4 for domstolane

Barnet kan alltid reise sak for domstolane om farskap etter ekteskap eller erklæring. Er barnet mindreårig, vert saka reist av oppnemnd verje. Er barnet fylt 15 år, kan verja ikkje reise sak utan samtykke frå barnet. Når særlege grunnar taler for det, kan Arbeids- og velferdsdirektoratet reise saka.

Kvar av foreldra kan reise sak om farskapen dersom vedkomande legg fram opplysningar som tyder på at ein annan kan vere far til barnet. Saka må reisast innan eitt år etter at vedkomande vart kjend med opplysningane, likevel slik at fristen tidlegast vert rekna frå tidspunktet då barnet vart født. Retten avgjer i orskurd om vilkåra for å reise sak ligg føre, og kan i orskurd gjere unntak frå eittårsfristen når særlege grunnar talar for det.

Den som meiner at han er far til barnet, kan fram til barnet fyller tre år, reise sak om farskapen dersom han legg fram opplysningar som tyder på at han kan vere far. Retten kan i orskurd gjere unntak frå treårsfristen når særlege grunnar talar for det. Reglane i andre stykket andre og tredje punktum gjeld tilsvarande.

Nå er altså disse fristene opphevet og vi er tilbake til tidligere rettstilstand hvor det ikke er frister om å reise sak senest 1 år etter man ble kjent med opplysningene eller bare frem til barnet fyller 3 år.


Barnleoven § 3. Farskap eller medmorskap etter ekteskap

Som far til barnet skal reknast den mannen som mora er gift med ved fødselen.

Som medmor til barnet skal reknast den kvinna som mora er gift med ved fødselen når barnet er avla ved assistert befruktning innafor godkjent helsestell og med kvinna sitt samtykke til befruktninga. Ved assistert befruktning innafor godkjent helsestell i utlandet må identiteten til sædgiver vere kjent.

Var ektefellene ved fødselen separerte ved løyve eller dom, gjeld ikkje første og andre stykke.

Er mora enkje, skal ektefellen reknast som far eller medmor dersom mora kan ha blitt med barn før ektefellen døydde.

Barneloven § 4. Erklæring av farskap eller medmorskap

Når farskap ikkje følgjer av reglane i § 3, kan faren erklære farskap under svangerskapet eller etter at barnet er født.

Faren skal erklære farskapen skriftleg anten i fødselsmeldinga, eller ved personleg frammøte for

a) jordmor eller lækjar ved svangerskapskontroll,
b) folkeregistermyndigheita,
c) tilskotsfuten, dommaren eller arbeids- og velferdsetaten, eller
d) norsk diplomatisk eller konsulær tenestemann, dersom faren er i utlandet.

Farskap kan òg erklærast ved retur av skjema frå Arbeids- og velferdsdirektoratet, jf. § 11 andre ledd. Arbeids- og velferdsdirektoratet må sende skjema i rekommandert brev eller ved bruk av elektronisk kommunikasjon dersom det er nytta ein betryggande metode for å sikre at skjemaet er mottatt. Erklæringa gjeld berre når ho er gjeven av den som mora har gjeve opp som far, eller når mora skriftleg har godteke erklæringa.

Er den som vil erklære farskapen under 18 år, må også dei som har foreldreansvaret for han, skrive under på erklæringa.

Er eit barn fødd etter assistert befruktning, kan moras kvinnelege sambuar erklære medmorskap etter reglane i paragrafen her. Den assisterte befruktninga må ha skjedd innafor godkjent helsestell, og moras kvinnelege sambuar må ha gjeve samtykke til befruktninga. Berre myndige personar kan gi slikt samtykke. Regelen i § 3 andre ledd andre punktum gjeld tilsvarande.

Legg igjen en kommentar