Innkreving av barnebidrag

Barnebidrag eller Fostringstilskot (som det heter i barneloven som er på nynorsk) skal betales av den forelder som ikke bor sammen med barnet. Plikten er regulert i barneloven § 67.

§ 67. Fostringstilskot.

Der ein eller begge foreldra ikkje bur saman med barnet, skal vedkomande betale faste pengetilskot til forsyting og utdanning. Også foreldre som bur saman med barnet, kan påleggjast å yte pengetilskot når dei forsømer fostringsplikta si etter § 66. Ingen kan gje avkall på den retten barnet har etter dette stykket.

Til særlege utlegg så lenge underhaldsplikta varer, kan foreldra påleggjast å yte særtilskot. Det er eit vilkår at utlegga er rimelege og naudsynte og ikkje går inn under dei utgiftene som det løpande fostringstilskotet skal dekke. Krav om særtilskot må setjast fram innan eit år etter at dei særlege utlegga kom på. Departementet kan ved forskrift gje utfyllande reglar om særtilskot.

Det er barnet som har rett til tilskotet. Når ikkje noko anna er fastsett, skal det betalast på forskot for kvar månad til den barnet bur saman med fast. Tilskotet skal betalast frå og med den kalendermånaden kravet oppstår og ut den kalendermånaden vilkåra for tilskot fell bort.

Dersom den bidragspliktige ikke betaler bidrag som fastsatt kan dette tvanginnkreves etter § 78 i barneloven:

§ 78. Gjennomføring av avgjerder om tilskot og gebyr. Tvangsgrunnlag.

Fostringstilskot krevjast inn av Innkrevjingssentralen for fostringstilskot etter reglane i bidragsinnkrevjingslova.

Avgjerd i tilskotssak er tvangsgrunnlag for utlegg. Avgjerda har rettsverknader og kan fullførast før ho er endeleg, om ikkje anna er fastsett. Oppfyllingsfristen er tre dagar, om ikkje annan frist er fastsett.

Ei skriftleg avtale om tilskot er tvangsgrunnlag for utlegg når tilskot etter avtala vert kravd inn etter reglane i bidragsinnkrevjingslova. Det same gjeld ei avgjerd om gebyr som nemnd i § 70 andre stykket.

Vert tilskot som er gjort opp, sett ned etter § 74 andre ledd eller § 76, kan den tilskotspliktige krevje at Innkrevjingssentralen for fostringstilskot gjer frådrag i pålagt lønnstrekk m.m. på den måten og for dei terminane som sentralen finn rimeleg.

I påvente av at det offentlige innkrever bidrag har man rett på forskudd fra det offentlige:

§ 79. Forskot på tilskot.

Om utbetaling av forskot på tilskot gjeld reglane i lov 17. februar 1989 nr. 2 om bidragsforskott (forskotteringsloven).

[ad#linker120x90]

Legg igjen en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.