Nytt i barneloven våren 2018

Innstilling fra familie- og kulturkomiteen om Endringer i barnelova og straffeloven mv. (bedre rettsvern for barn mot vold og overgrep) (Innst. 150 L (2017-2018) ) inneholder flere endringer i barneloven som nå er vedtatt, men ikke enda trådd i kraft.

Kort fortalt:

  • Det innføres unntak fra mekling ved sak om foreldreansvar mv. etter voldsdom mot den andre forelder.
  • Lovbestemmelse om at retten ikke kan bestemme at det skal være samvær dersom forelderen er ilagt kontaktforbud overfor barnet. Unntak dersom kontaktforbudet tar høyde for samvær
  • Det innføres en mulighet til å reise sak om å flytte ut av landet med barnet uten å samtidig reise krav om foreldreansvaret alene.

Dette er lovbestemmelsene som er endret eller lagt til i barneloven;

§ 38 skal lyde:
§ 38 Foreldreansvar etter dødsfall

Døyr den eine av foreldra som har foreldreansvaret saman, får den attlevande foreldreansvaret aleine. Dersom den attlevande er sikta eller tiltala for forsettlegå ha valda den andre forelderen sin død, skal retten ta førebels avgjerd om foreldreansvaret etter reglane i § 64 b.

Døyr ein forelder som har foreldreansvaret aleine, får den attlevande foreldreansvaret dersom barnet budde saman med begge ved dødsfallet. Dette gjeld ikkje i høve der den attlevande er sikta, tiltala eller dømd som nemnt i første stykket andre punktum.

Attlevande og andre kan krevje å få foreldreansvar etter reglane i §§ 64 til 64 d.

§ 43 femte ledd skal lyde:

Dersom den som har foreldreansvaret eller som barnet bur hos hindrar at ein samværsrett kan gjennomførast, kan den som har samværsretten krevje ny avgjerd av kven som skal ha foreldreansvaret eller kven barnet skal bu saman med, jf. § 63.

Ny § 43 b skal lyde:
§ 43 b Samvær ved kontaktforbod eller besøksforbod

Den som har forbod mot kontakt med eit barn etter straffeloven § 57 eller straffeprosessloven § 222 a, kan ikkje ha samvær med barnet etter avtale eller avgjerd. Dette gjeld likevel ikkje om forbodet etter nærare føresegner gjev høve til det.

§ 44 andre ledd fjerde punktum skal lyde:

Reglane i § 63 gjeld tilsvarande.

§ 56 skal lyde:
§ 56 Vilkår for å reise sak

Er foreldra usamde om kven som skal ha foreldreansvar, kven barnet skal bu fast saman med, eller samvær, kan kvar av dei reise sak for retten. Ein forelder kan også reise sak om foreldreansvar når det er uråd å kome fram til ei avtale fordi den andre forelderen ikkje bur i landet og ikkje lar seg oppspore. Sak om flytting med barnet ut av landet kan reisast av forelder med foreldreansvar eller av forelder som samstundes reiser sak om foreldreansvar.

Eit vilkår for å reise sak etter første stykket er at foreldra kan leggje fram gyldig meklingsattest. Dette gjeld ikkje der ein forelder er dømd for alvorleg vald eller overgrep mot eigne barn etter straffeloven eller i slike høve er overført til tvungent psykisk helsevern eller idømt tvungen omsorg. Departementet kan ved forskrift gje utfyllande reglar om kva for høve som er omfatta av unntaket i andre punktum.

§ 58 første ledd første punktum skal lyde:

Stemnemålet skal innehalde namn og adresse til foreldra og barna, og skal vise om usemja gjeld foreldreansvaret, flytting med barnet ut av landet, kvar barnet skal bu fast eller samværet, og gje ei kort utgreiing om grunnlaget for usemja og saksøkjarens påstand.

§ 60 a oppheves.

§ 63 skal lyde:
§ 63 Endring av avtale eller avgjerd om foreldreansvaret mv.

Foreldra kan gjere om avtale eller avgjerd om foreldreansvaret, om flytting med barnet ut av landet,om kven barnet skal bu hos fast og om samværsretten.

Vert foreldra ikkje samde, kan kvar av dei reise sak for retten, jf. § 56. Dom, rettsforlik og avtale med tvangskraft kan likevel berre endrast når særlege grunnar talar for det. Førebels avgjerd etter § 60 kan endrast på same vilkår av den domstolen som har hovudsaka.

Dersom det er openbert at det ikkje ligg føre slike særlege grunnar som nemnt i andre stykket, kan retten avgjere saka utan hovudforhandling.

Etter § 63 skal nytt avsnitt IV lyde:
IV. Sakshandsaminga for retten om foreldreansvar mv. etter dødsfall
§ 64 Handsaming av saker om foreldreansvar mv. etter dødsfall

Dersom den attlevande som får foreldreansvaret etter § 38 første stykket, ikkje budde saman med barnet på tidspunktet for dødsfallet, kan andre reise sak med krav om å få foreldreansvaret. Fristen for å reise sak er seks månader etter dødsfallet. Retten kan ta førebels avgjerd etter § 60.

Dersom den attlevande er sikta, tiltala eller dømd for forsettleg å ha valda den andre forelderen sin død, kan andre reise sak med krav om å få foreldreansvaret. Fristen for å reise sak er seks månader etter at siktinga eller tiltala er fråfallen eller dom i straffesaka er rettskraftig. Den attlevande kan også reise slik sak.

Retten skal leggje vekt på om den attlevande ønskjer foreldreansvaret. Retten bør også leggje vekt på den avdøde sine ønske, særleg når dei er uttrykte skriftleg. Er den attlevande sikta, tiltala eller dømd for forsettleg å ha valda den andre forelderen sin død, kan den attlevande berre få eller framleis ha foreldreansvaret dersom dette klart er til det beste for barnet.

Retten skal avgjere spørsmålet om foreldreansvar ved dom. Retten bør innhente fråsegner frå den kommunale barneverntenesta der det trengst. Retten bør gje dei næraste slektningane til barnet eller dei som barnet bur saman med, høve til å uttale seg, med mindre dette er uturvande.

Retten kan la ein person få foreldreansvaret aleine eller la gifte eller sambuande få det saman. Retten kan la ein forelder få eller framleis ha foreldreansvaret sjølv om andre får foreldreansvar. Retten kan setje som vilkår for avgjerda at barnet i ei viss tid ikkje skal måtte flytte frå heimen der det bur, dersom flyttinga kan vere uheldig for barnet og det ikkje er rimeleg grunn til å flytte.

Når fleire får foreldreansvar, skal retten også ta avgjerd om kven barnet skal bu fast saman med. Retten kan alltid ta avgjerd om samvær for den attlevande. For den eller dei som får foreldreansvar, gjeld reglane i kapittel 5 og 6.

Retten skal gje melding til den kommunale barneverntenesta og fylkesmannen dersom ingen har vendt seg til retten etter § 64 a, eller dersom dommen fører til at ingen har foreldreansvar for barnet. Barneverntenesta skal plassere og følgje opp barnet etter reglane i lov 17. juli 1992 nr. 100 om barneverntjenester.

§ 64 a Handsaminga av saken der ingen har foreldreansvar etter dødsfall

Retten skal av eige tiltak og utan ugrunna opphald handsame sak om foreldreansvaret når han får melding etter skifteloven § 12 a om at eit dødsfall fører til at ingen lenger har foreldreansvaret for eit barn.

Den som ønskjer foreldreansvaret, kan vende seg til retten der barnet bur om dette.

Reglane i § 64 gjeld så langt dei høver.

§ 64 b Førebels avgjerd om foreldreansvar når ein forelder er sikta eller tiltala for å ha valda den andre forelderen sin død

Retten skal av eige tiltak og utan ugrunna opphald ta førebels avgjerd om foreldreansvaret når han får melding om at den attlevande er sikta eller tiltala for forsettleg å ha valda den andre forelderen sin død, og den attlevande har eller krev å få foreldreansvaret.

Retten treff avgjerda ved orskurd. Det er ikkje nødvendig med munnleg forhandling på førehand.

Så lenge ei førebels avgjerd om å frata foreldreansvaret gjeld, skal den attlevande ikkje ha samvær eller bu fast saman med barnet.

Reglane i § 64 gjeld så langt dei høver.

§ 64 c Avgjerd om foreldreansvar når det er teke førebels avgjerd og ingen har reist sak

Retten skal av eige tiltak og utan ugrunna opphald avgjere kven som skal ha foreldreansvaret når det er teke ei førebels avgjerd og ingen har reist sak etter § 64. Dette gjeld ikkje dersom det etter § 64 b er teke avgjerd om at ingen skal ha foreldreansvaret, og det er gitt melding til den kommunale barneverntenesta og fylkesmannen.

Reglane i §§ 64 og 64 b tredje stykket gjeld så langt dei høver.

§ 64 d Endring av avgjerd om foreldreansvar mv. etter dødsfall

Den attlevande forelderen kan reise sak for retten med krav om endring av avgjerd etter §§ 64, 64 a og 64 c. Ei avgjerd skal berre endrast dersom særlege grunnar talar for det. Den attlevande forelderen og andre kan på same vilkår reise sak om endring av ei førebels avgjerd etter § 64 b. Sak om endring etter tredje punktum skal reisast for den domstolen som tok den førebelse avgjerda.

Dersom det er openbert at det ikkje ligg føre særlege grunnar, kan retten avgjere saka utan hovudforhandling.

Kapittel 7 avsnitt IV blir nytt avsnitt V.

§ 84 a første ledd første punktum skal lyde:

Reglane i §§ 34, 35 og 38 gjeld for barn som har vanleg bustad i Noreg.

Legg igjen en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.