Bestemmelser som trer i kraft 1. januar 2019

Følgende bestemmelser er nye, endrede eller oppheves i barneloven og trer i kraft 1. januar 2019:

§ 38. Foreldreansvar etter dødsfall

Døyr den eine av foreldra som har foreldreansvaret saman, får den attlevande foreldreansvaret aleine. Dersom den attlevande er sikta eller tiltala for forsettleg å ha valda den andre forelderen sin død, skal retten ta førebels avgjerd om foreldreansvaret etter reglane i § 64 b.

Døyr ein forelder som har foreldreansvaret aleine, får den attlevande foreldreansvaret dersom barnet budde saman med begge ved dødsfallet. Dette gjeld ikkje i høve der den attlevande er sikta, tiltala eller dømd som nemnt i første stykket andre punktum.

Attlevande og andre kan krevje å få foreldreansvar etter reglane i §§ 64 til 64 d.


§ 43 femte ledd

Dersom den som har foreldreansvaret eller som barnet bur hos hindrar at ein samværsrett kan gjennomførast, kan den som har samværsretten krevje ny avgjerd av kven som skal ha foreldreansvaret eller kven barnet skal bu saman med, jf. § 63.


§ 43 b. Samvær ved kontaktforbod eller besøksforbod

Den som har forbod mot kontakt med eit barn etter straffeloven § 57 eller straffeprosessloven § 222 a, kan ikkje ha samvær med barnet etter avtale eller avgjerd. Dette gjeld likevel ikkje om forbodet etter nærare føresegner gjev høve til det.


§ 44 andre ledd fjerde punktum

Reglane i § 63 gjeld tilsvarande.


§ 56. Vilkår for å reise sak

Er foreldra usamde om kven som skal ha foreldreansvar, kven barnet skal bu fast saman med, eller samvær, kan kvar av dei reise sak for retten. Ein forelder kan også reise sak om foreldreansvar når det er uråd å kome fram til ei avtale fordi den andre forelderen ikkje bur i landet og ikkje lar seg oppspore. Sak om flytting med barnet ut av landet kan reisast av forelder med foreldreansvar eller av forelder som samstundes reiser sak om foreldreansvar.

Eit vilkår for å reise sak etter første stykket er at foreldra kan leggje fram gyldig meklingsattest. Dette gjeld ikkje der ein forelder er dømd for alvorleg vald eller overgrep mot eigne barn etter straffeloven eller i slike høve er overført til tvungent psykisk helsevern eller idømt tvungen omsorg. Departementet kan ved forskrift gje utfyllande reglar om hvilke høve som er omfatta av unntaket i andre punktum.


§ 58 første ledd første punktum:

Stemnemålet skal innehalde namn og adresse til foreldra og barna, og skal vise om usemja gjeld foreldreansvaret, flytting med barnet ut av landet, kvar barnet skal bu fast eller samværet, og gje ei kort utgreiing om grunnlaget for usemja og saksøkjarens påstand.


§ 60 a oppheves.


§ 63. Endring av avtale eller avgjerd om foreldreansvaret mv.

Foreldra kan gjere om avtale eller avgjerd om foreldreansvaret, om flytting med barnet ut av landet, om kven barnet skal bu hos fast og om samværsretten.

Vert foreldra ikkje samde, kan kvar av dei reise sak for retten, jf. § 56. Dom, rettsforlik og avtale med tvangskraft kan likevel berre endrast når særlege grunnar talar for det. Førebels avgjerd etter § 60 kan endrast på same vilkår av den domstolen som har hovudsaka.

Dersom det er openbert at det ikkje ligg føre slike særlege grunnar som nemnt i andre stykket, kan retten avgjere saka utan hovudforhandling.


§ 64. Handsaming av saker om foreldreansvar mv. etter dødsfall

Dersom den attlevande som får foreldreansvaret etter § 38 første stykket, ikkje budde saman med barnet på tidspunktet for dødsfallet, kan andre reise sak med krav om å få foreldreansvaret. Fristen for å reise sak er seks månader etter dødsfallet. Retten kan ta førebels avgjerd etter § 60.

Dersom den attlevande er sikta, tiltala eller dømd for forsettleg å ha valda den andre forelderen sin død, kan andre reise sak med krav om å få foreldreansvaret. Fristen for å reise sak er seks månader etter at siktinga eller tiltala er fråfallen eller dom i straffesaka er rettskraftig. Den attlevande kan også reise slik sak.

Retten skal leggje vekt på om den attlevande ønskjer foreldreansvaret. Retten bør også leggje vekt på den avdøde sine ønskjer, særleg når de er uttrykt skriftleg. Er den attlevande sikta, tiltala eller dømd for forsettleg å ha valda den andre forelderen sin død, kan den attlevande berre få eller framleis ha foreldreansvaret dersom dette klart er til det beste for barnet.

Retten skal avgjere spørsmålet om foreldreansvar ved dom. Retten bør innhente fråsegner frå den kommunale barneverntenesta der det trengst. Retten bør gje dei næraste slektningane til barnet eller dei som barnet bur saman med, høve til å uttale seg, med mindre dette er uturvande.

Retten kan la ein person få foreldreansvaret aleine eller la gifte eller sambuande få det saman. Retten kan la ein forelder få eller framleis ha foreldreansvaret sjølv om andre får foreldreansvar. Retten kan setje som vilkår for avgjerda at barnet i ei viss tid ikkje skal måtte flytte frå heimen der det bur, dersom flyttinga kan vere uheldig for barnet, og det ikkje er rimeleg grunn til å flytte.

Når fleire får foreldreansvar, skal retten også ta avgjerd om kven barnet skal bu fast saman med. Retten kan alltid ta avgjerd om samvær for den attlevande. For den eller dei som får foreldreansvar, gjeld reglane i kapittel 5 og 6.

Retten skal gje melding til den kommunale barneverntenesta og fylkesmannen dersom ingen har vendt seg til retten etter § 64 a, eller dersom dommen fører til at ingen har foreldreansvar for barnet. Barneverntenesta skal plassere og følgje opp barnet etter reglane i lov 17. juli 1992 nr. 100 om barneverntjenester.


§ 64 a. Handsaminga av saken der ingen har foreldreansvar etter dødsfall

Retten skal av eige tiltak og utan ugrunna opphald handsame sak om foreldreansvaret når den får melding etter skifteloven § 12 a om at eit dødsfall fører til at ingen lenger har foreldreansvaret for eit barn.

Den som ønskjer foreldreansvaret, kan vende seg til retten der barnet bur om dette.

Reglane i § 64 gjeld så langt dei høver.


§ 64 b. Førebels avgjerd om foreldreansvar når ein forelder er sikta eller tiltala for å ha valda den andre forelderen sin død

Retten skal av eige tiltak og utan ugrunna opphald ta førebels avgjerd om foreldreansvaret når den får melding om at den attlevande er sikta eller tiltala for forsettleg å ha valda den andre forelderen sin død, og den attlevande har eller krev å få foreldreansvaret.

Retten treff avgjerda ved orskurd. Det er ikkje nødvendig med munnleg forhandling på førehand.

Så lenge ei førebels avgjerd om å frata foreldreansvaret gjeld, skal den attlevande ikkje ha samvær eller bu fast saman med barnet.

Reglane i § 64 gjeld så langt dei høver.


§ 64 c. Avgjerd om foreldreansvar når det er teke førebels avgjerd og ingen har reist sak

Retten skal av eige tiltak og utan ugrunna opphald avgjere kven som skal ha foreldreansvaret når det er teke ei førebels avgjerd og ingen har reist sak etter § 64. Dette gjeld ikkje dersom det etter § 64 b er teke avgjerd om at ingen skal ha foreldreansvaret, og det er gitt melding til den kommunale barneverntenesta og fylkesmannen.

Reglane i §§ 64 og 64 b tredje stykket gjeld så langt dei høver.


§ 64 d. Endring av avgjerd om foreldreansvar mv. etter dødsfall

Den attlevande forelderen kan reise sak for retten med krav om endring av avgjerd etter §§ 64, 64 a og 64 c. Ei avgjerd skal berre endrast dersom særlege grunnar talar for det. Den attlevande forelderen og andre kan på same vilkår reise sak om endring av ei førebels avgjerd etter § 64 b. Sak om endring etter tredje punktum skal reisast for den domstolen som tok den førebelse avgjerda.

Dersom det er openbert at det ikkje ligg føre særlege grunnar, kan retten avgjere saka utan hovudforhandling. 

Kapittel 7 avsnitt IV blir nytt avsnitt V.


§ 84 a første ledd første punktum:

Reglane i §§ 34, 35 og 38 gjeld for barn som har vanleg bustad i Noreg.


Ny barneloven

nybarnelovDet er for tiden mye snakk om “Ny barnelov.” Det er ikke foreslått noen ny barnelov men noen endringer i barneloven fra 1981.

I hovedsak kan endringene oppsummeres slik (mine formuleringer og jeg tar ikke med de mindre vesentlige endringene. Disse kan leses selv i proposisjonen – link nederst)

  • Det skal bli vanskeligere å flytte uten enighet. Lengre varslingstid (3 mnd i stedet for 6 uker), varsel gjelder også ved flytting ut av landet og pålagt mekling for den som vil kreve flytting.
  • I Tvangsbestemmelsen § 65 er det nå presisert at “Førebels avgjerd etter § 60 er tvangskraftig sjølv om avgjerda ikkje er rettskraftig.” Det har vært slik tidligere også, men nå tydelig.
  • I ny 65 er det ikke så mye nytt, men mest presiseringer. At Tvangsfullføring skal ikkje skje mot barnet sin vilje er en formulering som nok vil skape mange vanskeligheter siden mange av nektelsessakene omhandler kraftig påvirkning av barnas mening eller påstand om det. At retten kan gjøre endringer (små) i de rettskraftige og tvangskraftige avtaler/dommene som skal tvangsfullbyrdes vil kunne avhjelpe noen situasjoner, men vil nok mest ikke treffe blink. De fleste nektelsessakene er ikke justeringssaker.
  • En ny bestemmelse u § 65 a gir mulighet for oppnevning av sakkyndig i 65-saker. Dessverre tror jeg dette vil føre til alt for lang saksbehandlingstid i saker som burde vært avgjort svært raskt.
  • I § 36 står delt bosted foran bosted alene som alternativ, men loven er ikke endrer. Det er fortsatt bosted hos den ene som vil være sitausjonen frem til noe annet er bestemt når foreldrene flytter fra hverandre. Alt som er gjort er at rekkefølgen på alternativene er listet opp i motsatt rekkefølge for å vise politisk at delt er et ønsket resultat i flere saker. Det vil fortsatt fremgå av bestemmelsen at det skal særlige grunner til for å komme til delt bosted.

Endringene som fremkommer av den nye lovproposisjonen (Regjeringens forslag til Stortinget) er


Forslag til ny bl. § 42 a

§ 42 a Varsel og mekling før flytting

Dersom ein av foreldra vil flytte i Noreg eller ut av landet, og det er avtale eller avgjerd om samvær, skal den som vil flytte, varsle den andre seinast tre månader før flyttinga. Er ikkje foreldra samde om flytting, må den av foreldra som vil flytte med barnet krevje mekling etter § 51.

 

Nåværende § 42 a

§ 42 a.Varsel ved flytting

Dersom ein av foreldra vil flytte i Noreg eller ut av landet, og det er avtale eller avgjerd om samvær, skal den som vil flytte, varsle den andre seinast seks veker før flyttinga.


Nytt første ledd i § 36: Foreldra kan gjere avtale om at barnet skal bu fast hos begge eller hos ein av dei.

Nåværende første ledd i § 36: Foreldra kan gjere avtale om at barnet skal bu fast hos anten ein av dei eller begge.

 


Forslag til ny bl. § 35:

§ 35 skal lyde: § 35 Foreldreansvaret når foreldra ikkje er gifte Foreldre som ikkje er gifte, har foreldreansvaret saman for sams barn. Dersom foreldra ikkje bur saman, og mora ønskjer foreldreansvaret aleine, kan ho gje melding til folkeregistermyndigheita innan eitt år frå farskapen vart fastsett. Tilsvarande gjeld der faren ikkje ønskjer sams foreldreansvar. Når ein av foreldra har gjeve slik melding, får mora foreldreansvaret aleine. For sambuande foreldre som flyttar frå kvarandre, gjeld reglane i § 34 andre leddet tilsvarande.

 

Nåværende bl. 35:

§ 35.Foreldreansvaret når foreldra ikkje er gifte.

Når foreldra ikkje er gifte eller bur saman, jf. § 39, har mora foreldreansvaret åleine.

Foreldre som bur saman har foreldreansvaret saman for sams barn.

Foreldra som ikkje er gifte eller har foreldreansvaret saman etter andre ledd, kan likevel etter avtale gje melding til folkeregistermyndigheita om at dei skal ha foreldreansvaret saman eller at faren skal ha foreldreansvaret åleine.

Har ugifte foreldre foreldreansvaret saman, men barnet bur fast berre saman med den eine, gjeld reglane i § 37.


Forslag til ny § 65

§ 65 Tvangsfullføring

For tvangsfullføring av avgjerd om og anna særleg tvangsgrunnlag for foreldreansvaret, kvar barnet skal bu fast, og samværsrett gjeld tvangsfullbyrdelsesloven kapittel 13. Vedtak av fylkesmannen om tvangskraft for avtaler etter § 55 er særleg tvangsgrunnlag. Førebels avgjerd etter § 60 er tvangskraftig sjølv om avgjerda ikkje er rettskraftig.

Avgjerd eller avtale med tvangskraft om foreldreansvar og kvar barnet skal bu fast, kan tvangsfullførast ved henting eller tvangsbot. Avgjerd eller avtale med tvangskraft om samværsrett kan berre tvangsfullførast ved tvangsbot. Tingretten kan fastsetje ei ståande tvangsbot som for ei viss tid skal gjelde for kvar gong samværsretten ikkje vert respektert. Eit krav om tvangsfullføring skal setjast fram for tingretten i distriktet der saksøkte har sitt alminneleg verneting. Barnelova § 15 andre leddet gjeld tilsvarande.

Det skal ikkje fastsetjast tvangsbot dersom oppfylling av samværsretten er umogleg, til dømes der det er risiko for at barnet blir utsett for vald eller på anna vis handsama slik at den fysiske eller psykiske helsa blir utsett for skade eller fare. Det same gjeld ved tvangsfullføring av foreldreansvar og kvar barnet skal bu fast.

Barnet skal få høve til å seie meininga si før det blir teke avgjerd. Meininga til barnet skal bli vektlagt etter alder og modning. Tvangsfullføring skal ikkje skje mot barnet sin vilje, med mindre retten kjem til at det er naudsynt av omsyn til barnet.

For å leggje til rette for gjennomføring av fastsett samvær kan retten gjere praktiske endringar i avgjerda der det er formålstenleg, til dømes å endre tida for henting og levering.

Skatteetaten ved Statens Innkrevingssentral krev inn tvangsbota. Innkrevjing skal berre skje når den som har retten, ber om det. Bota går til statskassa. Bota skal ikkje krevjast inn for meir enn åtte veker om gongen. Lar den som har retten etter lova det gå lenger tid med inndrivinga, lauper inga vidare bot før den bota som allereie er forfallen til betaling, er betalt eller det er tatt utlegg for den.

 

Nåværende § 65

§ 65.Tvangsfullføring

Om tvangsfullføring av avgjerd om foreldreansvaret eller kven barnet skal bu saman med, gjeld tvangsfullbyrdelsesloven kap. 13. Namsmannen skal likevel krevje inn tvangsbota. Innkrevjing skal berre skje når den som har retten, ber om det. Vedtak av fylkesmannen eller departementet er særleg tvangsgrunnlag. Førebels avgjerd etter § 60 er tvangskraftig enda om avgjerda ikkje er rettskraftig.

Avgjerd om samværsrett kan tvangsfullførast ved tvangsbot etter tvangsfullbyrdelsesloven kap. 13. Det skal ikkje fastsetjast tvangsbot dersom oppfyllinga av samværsretten er umogleg, mellom anna der det er ein risiko for at barnet blir utsett for vald eller på anna vis handsama slik at den fysiske eller psykiske helsa blir utsett for skade eller fare. Tingretten kan fastsetje ei ståande tvangsbot som for ei viss tid skal gjelde for kvar gong samværsretten ikkje vert respektert. Vedtak av fylkesmannen eller departementet er særleg tvangsgrunnlag. Første stykket andre, tredje og femte punktum gjeld tilsvarande.


Ny bestemmelse

§ 65 a Bruk av sakkunnig, godkjend meklar eller ein annan tilsett ved familieverntenesta i saker om tvangsfullføring

Før retten tek avgjerd om tvangsfullføring, kan den oppnemne ein sakkunnig, godkjend meklar eller ein annan tilsett ved familieverntenesta for å mekle eller ha samtalar med foreldra. Føremålet med meklinga eller samtalane er å få foreldra til å oppfylle pliktane sine frivillig. Retten kan fastsetje eit mandat for utføring av oppdraget. Retten skal setje ein frist for utføringa av oppdraget, normalt ikkje lenger enn to veker etter oppnemninga. Fristen kan forlengjast om retten meiner ei frivillig løysing mellom foreldra er mogeleg om meklinga eller samtalane held fram. Den som har fått oppdrag etter første leddet, skal innan fristen levere ei utgreiing med opplysningar om kva for tiltak som er setje i verk mv. Opplysningar om andre vesentlege omstende for saka skal gå fram av utgreiinga. I saker om tvangsfullføring gjeld § 61 første leddet nr. 3 tilsvarande.


Du kan laste ned hele proposisjonen her: Prop. 161 L (2015-2016) Endringer i barnelova mv. (likestilt foreldreskap)