Ny barneloven

nybarnelovDet er for tiden mye snakk om “Ny barnelov.” Det er ikke foreslått noen ny barnelov men noen endringer i barneloven fra 1981.

I hovedsak kan endringene oppsummeres slik (mine formuleringer og jeg tar ikke med de mindre vesentlige endringene. Disse kan leses selv i proposisjonen – link nederst)

  • Det skal bli vanskeligere å flytte uten enighet. Lengre varslingstid (3 mnd i stedet for 6 uker), varsel gjelder også ved flytting ut av landet og pålagt mekling for den som vil kreve flytting.
  • I Tvangsbestemmelsen § 65 er det nå presisert at “Førebels avgjerd etter § 60 er tvangskraftig sjølv om avgjerda ikkje er rettskraftig.” Det har vært slik tidligere også, men nå tydelig.
  • I ny 65 er det ikke så mye nytt, men mest presiseringer. At Tvangsfullføring skal ikkje skje mot barnet sin vilje er en formulering som nok vil skape mange vanskeligheter siden mange av nektelsessakene omhandler kraftig påvirkning av barnas mening eller påstand om det. At retten kan gjøre endringer (små) i de rettskraftige og tvangskraftige avtaler/dommene som skal tvangsfullbyrdes vil kunne avhjelpe noen situasjoner, men vil nok mest ikke treffe blink. De fleste nektelsessakene er ikke justeringssaker.
  • En ny bestemmelse u § 65 a gir mulighet for oppnevning av sakkyndig i 65-saker. Dessverre tror jeg dette vil føre til alt for lang saksbehandlingstid i saker som burde vært avgjort svært raskt.
  • I § 36 står delt bosted foran bosted alene som alternativ, men loven er ikke endrer. Det er fortsatt bosted hos den ene som vil være sitausjonen frem til noe annet er bestemt når foreldrene flytter fra hverandre. Alt som er gjort er at rekkefølgen på alternativene er listet opp i motsatt rekkefølge for å vise politisk at delt er et ønsket resultat i flere saker. Det vil fortsatt fremgå av bestemmelsen at det skal særlige grunner til for å komme til delt bosted.

Endringene som fremkommer av den nye lovproposisjonen (Regjeringens forslag til Stortinget) er


Forslag til ny bl. § 42 a

§ 42 a Varsel og mekling før flytting

Dersom ein av foreldra vil flytte i Noreg eller ut av landet, og det er avtale eller avgjerd om samvær, skal den som vil flytte, varsle den andre seinast tre månader før flyttinga. Er ikkje foreldra samde om flytting, må den av foreldra som vil flytte med barnet krevje mekling etter § 51.

 

Nåværende § 42 a

§ 42 a.Varsel ved flytting

Dersom ein av foreldra vil flytte i Noreg eller ut av landet, og det er avtale eller avgjerd om samvær, skal den som vil flytte, varsle den andre seinast seks veker før flyttinga.


Nytt første ledd i § 36: Foreldra kan gjere avtale om at barnet skal bu fast hos begge eller hos ein av dei.

Nåværende første ledd i § 36: Foreldra kan gjere avtale om at barnet skal bu fast hos anten ein av dei eller begge.

 


Forslag til ny bl. § 35:

§ 35 skal lyde: § 35 Foreldreansvaret når foreldra ikkje er gifte Foreldre som ikkje er gifte, har foreldreansvaret saman for sams barn. Dersom foreldra ikkje bur saman, og mora ønskjer foreldreansvaret aleine, kan ho gje melding til folkeregistermyndigheita innan eitt år frå farskapen vart fastsett. Tilsvarande gjeld der faren ikkje ønskjer sams foreldreansvar. Når ein av foreldra har gjeve slik melding, får mora foreldreansvaret aleine. For sambuande foreldre som flyttar frå kvarandre, gjeld reglane i § 34 andre leddet tilsvarande.

 

Nåværende bl. 35:

§ 35.Foreldreansvaret når foreldra ikkje er gifte.

Når foreldra ikkje er gifte eller bur saman, jf. § 39, har mora foreldreansvaret åleine.

Foreldre som bur saman har foreldreansvaret saman for sams barn.

Foreldra som ikkje er gifte eller har foreldreansvaret saman etter andre ledd, kan likevel etter avtale gje melding til folkeregistermyndigheita om at dei skal ha foreldreansvaret saman eller at faren skal ha foreldreansvaret åleine.

Har ugifte foreldre foreldreansvaret saman, men barnet bur fast berre saman med den eine, gjeld reglane i § 37.


Forslag til ny § 65

§ 65 Tvangsfullføring

For tvangsfullføring av avgjerd om og anna særleg tvangsgrunnlag for foreldreansvaret, kvar barnet skal bu fast, og samværsrett gjeld tvangsfullbyrdelsesloven kapittel 13. Vedtak av fylkesmannen om tvangskraft for avtaler etter § 55 er særleg tvangsgrunnlag. Førebels avgjerd etter § 60 er tvangskraftig sjølv om avgjerda ikkje er rettskraftig.

Avgjerd eller avtale med tvangskraft om foreldreansvar og kvar barnet skal bu fast, kan tvangsfullførast ved henting eller tvangsbot. Avgjerd eller avtale med tvangskraft om samværsrett kan berre tvangsfullførast ved tvangsbot. Tingretten kan fastsetje ei ståande tvangsbot som for ei viss tid skal gjelde for kvar gong samværsretten ikkje vert respektert. Eit krav om tvangsfullføring skal setjast fram for tingretten i distriktet der saksøkte har sitt alminneleg verneting. Barnelova § 15 andre leddet gjeld tilsvarande.

Det skal ikkje fastsetjast tvangsbot dersom oppfylling av samværsretten er umogleg, til dømes der det er risiko for at barnet blir utsett for vald eller på anna vis handsama slik at den fysiske eller psykiske helsa blir utsett for skade eller fare. Det same gjeld ved tvangsfullføring av foreldreansvar og kvar barnet skal bu fast.

Barnet skal få høve til å seie meininga si før det blir teke avgjerd. Meininga til barnet skal bli vektlagt etter alder og modning. Tvangsfullføring skal ikkje skje mot barnet sin vilje, med mindre retten kjem til at det er naudsynt av omsyn til barnet.

For å leggje til rette for gjennomføring av fastsett samvær kan retten gjere praktiske endringar i avgjerda der det er formålstenleg, til dømes å endre tida for henting og levering.

Skatteetaten ved Statens Innkrevingssentral krev inn tvangsbota. Innkrevjing skal berre skje når den som har retten, ber om det. Bota går til statskassa. Bota skal ikkje krevjast inn for meir enn åtte veker om gongen. Lar den som har retten etter lova det gå lenger tid med inndrivinga, lauper inga vidare bot før den bota som allereie er forfallen til betaling, er betalt eller det er tatt utlegg for den.

 

Nåværende § 65

§ 65.Tvangsfullføring

Om tvangsfullføring av avgjerd om foreldreansvaret eller kven barnet skal bu saman med, gjeld tvangsfullbyrdelsesloven kap. 13. Namsmannen skal likevel krevje inn tvangsbota. Innkrevjing skal berre skje når den som har retten, ber om det. Vedtak av fylkesmannen eller departementet er særleg tvangsgrunnlag. Førebels avgjerd etter § 60 er tvangskraftig enda om avgjerda ikkje er rettskraftig.

Avgjerd om samværsrett kan tvangsfullførast ved tvangsbot etter tvangsfullbyrdelsesloven kap. 13. Det skal ikkje fastsetjast tvangsbot dersom oppfyllinga av samværsretten er umogleg, mellom anna der det er ein risiko for at barnet blir utsett for vald eller på anna vis handsama slik at den fysiske eller psykiske helsa blir utsett for skade eller fare. Tingretten kan fastsetje ei ståande tvangsbot som for ei viss tid skal gjelde for kvar gong samværsretten ikkje vert respektert. Vedtak av fylkesmannen eller departementet er særleg tvangsgrunnlag. Første stykket andre, tredje og femte punktum gjeld tilsvarande.


Ny bestemmelse

§ 65 a Bruk av sakkunnig, godkjend meklar eller ein annan tilsett ved familieverntenesta i saker om tvangsfullføring

Før retten tek avgjerd om tvangsfullføring, kan den oppnemne ein sakkunnig, godkjend meklar eller ein annan tilsett ved familieverntenesta for å mekle eller ha samtalar med foreldra. Føremålet med meklinga eller samtalane er å få foreldra til å oppfylle pliktane sine frivillig. Retten kan fastsetje eit mandat for utføring av oppdraget. Retten skal setje ein frist for utføringa av oppdraget, normalt ikkje lenger enn to veker etter oppnemninga. Fristen kan forlengjast om retten meiner ei frivillig løysing mellom foreldra er mogeleg om meklinga eller samtalane held fram. Den som har fått oppdrag etter første leddet, skal innan fristen levere ei utgreiing med opplysningar om kva for tiltak som er setje i verk mv. Opplysningar om andre vesentlege omstende for saka skal gå fram av utgreiinga. I saker om tvangsfullføring gjeld § 61 første leddet nr. 3 tilsvarande.


Du kan laste ned hele proposisjonen her: Prop. 161 L (2015-2016) Endringer i barnelova mv. (likestilt foreldreskap)