§ 4. Vedgåing av farskap eller medmorskap.

§ 4. Vedgåing av farskap eller medmorskap

Når farskap ikkje følgjer av reglane i § 3, kan faren vedgå farskap under svangerskapet eller etter at barnet er født.

Faren skal vedgå farskapen skriftleg anten i fødselsmeldinga eller ved personleg frammøte for
a) folkeregistermyndigheita
b) tilskotsfuten, dommaren eller det organ i Arbeids- og velferdsetaten som Arbeids- og velferdsdirektoratet bestemmer.
c) norsk diplomatisk eller konsulær tenestemann, dersom faren er i utlandet
d) skipsføraren, dersom faren er om bord på norsk skip i utanriksfart
e) utanlandsk styresmakt, når Kongen har fastsett det, eller
f) jordmor eller lege ved svangerskapskontroll.

Vedgåing etter dette stykket gjeld berre når mora har godteke henne skriftleg, eller ho er gjeven av den som mora har gjeve opp som far.

Dersom sambuarar er folkeregistrerte på same adresse eller erklærer i melding til folkeregistermyndigheita at dei bur saman, kan sambuaren til mora vedgå farskapen etter paragrafen her, utan at mora medverkar etter andre stykket andre punktum. Mora skal få melding om vedgåinga. Dersom partane er usamde om farskapen, skal det offentlege fastsetje farskapen, jf. § 5. Departementet kan gje nærare reglar i forskrift.

Vedgåing kan dessutan gjevast ved påteikning på farskapsførelegg.

Er den som vil vedgå farskapen under 18 år, må også dei som har foreldreansvaret for han, skrive under vedgåinga.

Er eit barn fødd etter assistert befruktning, kan moras kvinnelege sambuar vedgå medmorskap etter reglane i paragrafen her. Den assisterte befruktninga må ha skjedd innafor godkjent helsestell, og moras kvinnelege sambuar må ha gjeve samtykke til befruktninga. Berre myndige personar kan gi slikt samtykke. Regelen i § 3 andre ledd andre punktum gjeld tilsvarande.

Endra med lover 19 juni 1992 nr. 63, 13 juni 1997 nr. 39 (i kraft 1 jan 1998), 20 des 2002 nr. 92 (i kraft 1 april 2003, etter res. 20 des 2002 nr. 1696), 17 juni 2005 nr. 63 (i kraft 1 jan 2006, etter res. 17 juni 2005 nr. 612), 16 juni 2006 nr. 20 (i kraft 1 juli 2006, etter res. 16 juni 2006 nr. 631), 29 juni 2007 nr. 53 (i kraft 1 jan 2008, etter res. 7 des 2007 nr. 1370), 27 juni 2008 nr. 53 (i kraft 1 jan 2009, etter res. 27 juni 2008 nr. 745).

—————————————————————————————————
Kortkommentar:
Erkjennelse av farskapet kan skje både før og etter at barnet er født. At den sannsynlige faren tar ansvar før barnet er født vil i de fleste tilfeller være en god støtte for den fødende moren.

En brosjyre med veiledning til utfylling av skjema for foreldreansvar finner du her…